Skrevet av Magnhild Folkvord
I april 1918 gjekk det ut ein ordre til arbeidarråda rundt omkring i landet:
«Er ikkje åttetimarsdagen innført innan 1. mai, må arbeidarane ta den sjølve!»
Magnhild Folkvord er tidlegare journalist i Klassekampen, arbeider no med ein biografi om Betzy Kjelsberg, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg.
Den 2.mai blev ogsaa en merkedag. Arbeiderne lystret ikke længer arbeidsgivernes ordrer men arbeidet bare 8 timer. Fabrikfløytens monotone lyde hørtes bare paa samme tid som før, men blev fuldstendig ignorert av arbeiderne. De bestemte selv naar arbeidet skulde begynde og hvorledes arbeidsdagen skulde inddeles. Bedriften her har ikke gjort noget nævneværdig for at motsætte sig arbeidernes vilje.
Slik starta rapporten frå Glomfjord i avisa Ny Tid 10. mai 1918. Ny Tid var den gongen ei radikal arbeidaravis som kom ut i Trondheim.
Fleire tusen arbeidarar nekta å lystra arbeidsgivarane sine ordrar på denne tida. Ein del stader hadde arbeidarråda i god tid varsla bedriftene om at dersom ikkje åttetimarsdagen var innført innan 1. mai, ville arbeidarane sjølve innskrenka arbeidstida frå og med 2. mai.
Arbeidarane på Thune Mekaniske verksted i Kristiania hadde danna det første arbeidarrådet i landet tidleg på vinteren 1918, og agitasjon for åttetimarsdagen hadde gått føre seg i lang tid. Leiarane i Norsk Jern- og Metalarbeiderforbund hadde prøvd på fleire vis å få Thune-arbeidarane til ikkje å gå til aksjon 2. mai, men utan å lykkast. 2. mai starta dei arbeidsdagen på Thune til vanleg tid. Da dei hadde arbeidd i åtte timar, tok ein av arbeidarane eit stort sagblad, og med nokre kraftige hammarslag på det, gjekk signalet gjennom heile verkstaden om at arbeidsdagen var over. Etter det hadde Thune-arbeidarane åttetimarsdag1.
I Trondheim foreslo arbeidarrådet at den nye arbeidsdagen kunne sjå slik ut: Arbeidstid kl 8-18 dei fem første dagane i veka, middagspause kl 12.00–13.30. Laurdag arbeidstid kl 7–13, med ein halv time frukost. Ingen av bedriftene svarte på dette. 30. april kom ein deputasjon av arbeidarar til møte med sjefane for dei største bedriftene, og gjorde det klart at åttetimarsdagen kom til å bli innført frå og med 2. mai, med den tidsinndelinga som arbeidarrådet hadde foreslått.
Svaret frå bedriftsleiarane i Trondheim var at dei respekterte ikkje anna arbeidstid enn den som var fastsett i tariffavtalane. Portane ville bli opna til vanleg tid.
Kom til stengde portar
I Trondheim hadde 4000 arbeidarar vore med i sosialistane sin store demonstrasjon for 8-timarsdagen 1. mai. Med seks musikkorps, 55 fagforeiningsfanar og to agitatoriske fanar: «Til kamp for 8 timers arbeidsdag» og «Ned med folkets svøpe, militarismen» hadde dei marsjert gjennom byen.2
Neste dag var det tid for å setja i verk åttetimarsdagen. 2. mai var dei fleste fabrikkportane som hadde blitt opna «til vanleg tid», stengde da arbeidarane kom på jobb klokka 8.00, og dei måtte berre gå heim att. Slik var det ved Trondhjems mekaniske verksted, ved Ørens mekaniske verksted, Nordre verft, Isidor Nilsen, Baltic & Eriksen, spikerfabrikken og dei små verkstadene som var tilslutta arbeidsgivarforeininga. Alle hermetikkfabrikkane var også stengde da arbeidarane kom klokka 8, det same ved aktiebryggeriet.
Men det var ikkje slik alle stader. Baklandets mek. Verksted hadde opne portar klokka 8, og på skofabrikkane, dampvaskeriet og i bygningsindustrien vart det arbeidd 8 timar. Det same gjaldt bakeria i byen.
Avisa Nidaros innførte åttetimarsdag på trykkeriet 30. april, og dei som ikkje alt hadde åttetimardag i Trondhjems Adresseavis, fekk same ordninga, likeeins Vikans boktrykkeri. «Og vi har al grund til at tro, at samtlige byens trykkerier vil ordne sig paa samme maate,» skreiv Ny Tid 3. mai. Ei rekkje handelsmenn som sysselset lager-arbeidarar og køyrarar, hadde også ordna seg med åttetimarsdag, og fleire hadde sagt dei ville gjera det.
Eit massemøte av 2000 organiserte arbeidarar vedtok samrøystes å leggja den vidare aksjonen i arbeidarrådet sine hender. Så langt var dette ein aksjon som vart sett i verk uavhengig av Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (AFL, seinare LO). Massemøtet oppmoda AFL til å støtta aksjonen.
På Elverum hadde arbeidarane ved Otto Herambs støperi og mek. verksted bestemt seg for å innføra åttetimarsdagen. Dei kom også til stengde portar 2. mai, så ikkje noko arbeid vart gjort den dagen. Men dei fekk forhandlingar med arbeidsgivaren, og vart einige om at arbeidet skulle starta klokka 7.30 og slutta klokka 16.30, med frukostpause klokka 8.30–9.00, og middag klokka 13–14. Dei tok oppatt arbeidet 3. mai. På Jømna Brug, den gongen eit sagbruk, slutta arbeidsdagen frå og med 2. mai klokka fem i stadenfor klokka seks «hvorom bruket paa forhaand var underrettet»3.
I Harstad vart åttetimarsdagen på alle trykkeria i byen innført for alle tilsette frå og med 2. mai4.
Mange aksjonar
I Tønsberg følgde arbeidarane ved Kalnes mekaniske verksted oppmodinga om å gjennomføra åttetimarsdagen, og møtte på arbeid ein time seinare enn vanleg. Da fekk dei ikkje komma inn. Derfor toga dei til Folkes Hus der dei vedtok å ta opp kampen.
På Rjukan hadde arbeidarane på to godt besøkte møte bestemt å innføra åttetimarsdagen. Det var berre eitt problem: Norsk Hydro nekta å forhandla. Arbeidarane var samde om at dersom ikkje bedrifta ville betala overtidsprosentar for arbeid utover åtte timar, ville all overtid bli nekta. «Over hele Rjukan er 8-timersdagen nu en kjensgjerning,» skreiv Social-Demokraten 7. mai. Eit massemøte av 500 organiserte arbeidarar 4. mai vedtok å overlata den vidare aksjonen til arbeidarrådet. Det same møtet vedtok å krevja at AFL-sekretariatet greip inn straks overfor tilfelle av lockout i Trondheim eller andre stader, og at dei tvinga regjering og storting til straks å vedta ein lov om åtte timars arbeidsdag.
I Telemark var det kraftige aksjonar fleire stader. Ved Trosvik mek. verksted og skibsbyggeri ved Brevik, ved Bamble apatitgruber og ved Ødegaardens verk var åttetimarsdagen innført5. Ved «Sørlandets Elektriske», Skien, gjekk arbeidet som vanleg, men forhandlingar om innføring av åttetimarsdagen var i gang.
Ved Langesund mekaniske verksted kom arbeidarane klokka åtte om morgonen 2. mai og fann porten stengd. Bedriftsleiaren hadde på førehand sagt nei til forhandlingar om åttetimarsdag, noko han måtte gi etter for. Han oppmoda arbeidarane til å arbeida vanleg tid medan dei forhandla. Arbeidarane heldt møte og bestemte at dei heldt fast på kravet om åttetimars-dagen, men at dei var villige til å forhandla om lønna. Bedriftsleiinga bestemte å innvilga åttetimarsdag med full lønn, så sant arbeidsgivarforeininga gjekk med på det. Saka skulle gå vidare til forhandlingar mellom Norsk Arbeidsmandsforbud og Norsk Arbeidsgiverforening.
Ved Aamdal koppargruver i Vest-Telemark stilte arbeidarane krav om åtte timars arbeidsdag og ei timelønn på kr 1,50. Timelønna varierte frå før mellom kr 0,83 og ei krone.
Ved Union spritfabrikk i Skien fekk dei til ei mellombels ordning med 48 timars arbeidsveke, men utan forandring i timelønna. Lønnskrav skulle bli behandla av organisasjonane. Kanskje betra det stemninga litt at bedrifta sørga for at arbeidarane fekk eit måltid mat «til en større reduktion i prisen»?
Direktøren på AS Dalen-Portland cementfabrik ved Brevik nekta å forhandla om åttetimarsdag. Som svar la arbeidarane ned arbeidet kl 11.30 2. mai. Dei heldt seinare eit møte der dei bestemte «at fastholde sit krav og lægge den videre aktion i det lokale arbeiderraads hænder. Over 200 mand staar som en bak kravet.»6 Ved Skiensfjordens skofabrik hadde 130 menn og 80 kvinner sagt opp plassane sine med 14 dagars varsel i protest mot at bedrifta stengde dørene etter middagspausen.
Ved A/S Norsk Impregneringskompani, Larvik, vart det også konflikt. Arbeidarane kravde åtte timars arbeidsdag og eit tillegg på 45 øre per time. Tilbodet frå arbeids-givaren var 51 timars arbeidsveke og eit prosenttillegg som på det meste ville bli kr 1,68 i veka. Dette gjekk arbeidarane ikkje med på, og dei la ned arbeidet. Denne aksjonen vart gjennomført med samtykke frå Arbeidsmandsforbundet7.
I Østfold var det ulike haldningar til kampen for åttetimarsdagen. I Fredrikstad valde arbeidarane å ikkje gå til aksjonar, men ved smelteverket i Sannesund, Sarpborg, fekk dei 150 arbeidarane gjennomført åtte timars arbeidsdag med same daglønn som før, pluss ti prosent tillegg. Dei som arbeidde i dei heilkontinuerlege avdelingane, fekk eit tillegg på 20 prosent. Dessutan fekk dei avtale om 1. mai som heil fridag, og 100 prosent tillegg for dei som måtte arbeida den dagen.
I Tyssedal og Skjæggedal kravde arbeidarane åttetimarsdag. I Tyssedal valde dei ein komite som skulle forhandla med leiinga, men komiteen fekk sparken. Da bestemte arbeidarane å gå til streik for å få bedrifta til å ta inn att dei som var sparka. I Skjæggedal søkte arbeidarane om å få åttetimarsdag, men fekk blankt avslag. Da kalte dei saman til massemøte, og bestemte å ta åttetimarsdagen 2. mai. Dei sende melding til fabrikkontoret, men da dei kom på jobb til den tida dei hadde bestemt, vart den elektriske straumen slått av, og arbeidarane måtte gå heim.
I Odda vart åttetimarsdagen innført ved direkte aksjon, alle dagarbeidarane ved cyanid- og karbidfabrikkane, om lag 600 mann, gjekk frå jobben da åtte timar var gått. Om kvelden var dei samla til møte i Folkets Hus.8
Nytt massemøte i Trondheim
Arbeidarrådet i Trondheim inviterte alle organiserte arbeidarar til nytt massemøte på gårdsplassen ved Folkets hus 3. mai. 3000 møtte fram. Mot ni stemmer gjorde dei følgjande vedtak:
- Arbeiderraadet bemyndiges til at proklamere hel arbeidsstans i samtlige private og offentlige bedrifter fra og med mandag 6.ds kl. 6 formiddag.
- Arbeiderraadet bemyndiges til at træffe bestæmmelse om arbeidsstansens varighet.
- Møtet henstiller til raadet at organisere demonstrationstog mandag den 6.ds kl. 4 eftermiddag. Det henstilles til samtlige arbeidere at delta i demonstrationen.
- Arbeidsstansen blir bare meddelt gjennem pressen.
Alt var med andre ord klart for storstreik om ikkje arbeidsgivarane gav seg raskt. Men slik gjekk det ikkje. Borgarmeister Bauck greip inn. Han oppmoda arbeidarrådet til å gå med på at spørsmålet om arbeidstida av samfunnsmessige grunnar skulle overførast til forhandlingar mellom AFL og arbeids-givarforeininga. Dersom arbeidarrådet gjekk med på det, ville borgarmeisteren venda seg til hovudorganisasjonane. Han oppmoda arbeidarrådet til å avverga arbeidsstans og sørga for at arbeidet blir gjenopptatt under forhandlingane.
Mot ein sterk minoritet vedtok massemøtet å utsetja aksjonen. Bauck sende si oppmoding til arbeidsgivarforeininga og AFL om å ta saka opp til realitetsbehandling, og arbeidet vart tatt oppatt i heile Trondheim9.
Åttetimarsdagen til Stortinget
I løpet av mai vart ei rekkje aksjonar for åttetimarsdagen gjennomført, og arbeidsgivarane reagerte på høgst ulike måtar. Somme såg nok at åttetimarsdagen måtte komma – straks eller litt seinare. Andre må ha blitt alvorleg skremde av at arbeidarane tok seg til rette slik dei gjorde, og prøvde å stansa arbeidarane med represaliar.
- mai skreivNy Tidat det førebels var for tidleg å uttala seg om resultata av dei aksjonane som var sett i verk, men dei meinte ein kunne ha oppnådd meir om fleire hadde deltatt:
… saameget lar sig ihvertfald si, at om arbeiderne landet rundt hadde fulgt arbeiderraadenes appel like mandjevnt som arbeiderne i Trøndelagen og i Skien-Telemarksdistriktet har gjort det, vilde 8-timersdagen idag ha været en kjendsgjerning i vort land.
Landsorganisasjonen stilte seg ikkje bak parolen om «direkte aksjon», men aksjonen fekk landsorganisasjonen til endeleg å gjera noko, «selvom det skede i ellevte time», ifølgje Ny Tid. Aksjonen sette også fart i statsstyremaktene. Arbeidet med å få til ei lovfesting av 8 timarsdagen var i full gang. «Men tror nogen, at dette vilde ha skedd, hvis ikke arbeiderklassen hadde vist alvoret i kravet gjennem handling?» spurde Ny Tid.
I første omgang dreidde det seg om ei mellombels lov om åttetimarsdag som vart behandla i Stortinget i løpet av sommaren 1918.
Social-Demokraten oppsummerte 4. juni:
8-timers dagen har ikke længer det forfærdende og avskrækkende ved sig som i tidligere dage. Det fleste mennesker forstaar nu at den meget vel lar sig praktisere og at produktionslivet ingen skade lider ved det.»
Den eine kommunen etter den andre hadde innført åttetimarsdag for sine arbeidarar, og staten «staar paa tærskelen til at gjennemføre den for alle sine arbeidere».
Typografane hadde fått åttetimarsdagen godkjent av Stortinget, og eit einstemmig Odelsting hadde godkjent ein revisjon av bakarlova, der arbeidsdagen var fastsett til åtte timar.
I tillegg kom argumentet om ernæringsforholda, ei følgje av den andre verdskrigen som enno ikkje var over. Det vart lagt vekt på i leiarartikkelen:
Slik som forholdene ligger an for tiden i arbeiderhjemmene kan de ikke utniste forsørgeren med saa god og nærende kost at han med samme kraft som før kan utholde den lange arbeidsdag. Og hvad gavn er der for produktionen i en arbeidsdag paa 9 a 10 timer, naar arbeidsydelsen paa grund av ernæringsvanskeligheterne blir betydelig nedsat de sidste timer.
Dette la også AFL vekt på i skrivet til regjeringa om kvifor det hasta med å få lovfesta åttetimarsdagen:
Den nuværende ernæringskrise rammer industriarbeiderne særlig haardt.
I dei fleste byane og industridisktrikta var det «absolut potetmangel», og i mange landdistrikt var det mangel på settepotet, det var såleis lite håp om at byane kunne få potet når settinga var over. Det var også mangel på dei surrogata for potet som var i handelen. Mjølkerasjonane var svært knappe, og brødrasjonane så knappe at «de fleste arbeiderfamilier nu er like paa sultegrensen».10 Det var ikkje mogeleg for arbeidarane i same grad som før å halda ut «en lang arbeidsdags strabaser», det hadde blitt eit allminneleg krav frå alle arbeidarar at arbeidstida måtte innskrenkast, «for at man skal kunne bevare arbeidskraften gjennem denne kritiske periode.» Dyrtidsforholda gjorde dessutan at arbeidarklassen måtte krevja at redusert arbeidstid ikkje førte til redusert lønn.
AFL-leiaren, Ole O. Lian, som også var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, forklarte at ulempa med å knytta åttetimarsdagen til arbeidarvernlova, var at store arbeidsgrupper vart ståande utanfor. Bygningsarbeidarar, tømrarar, murarar, losse- og lastearbeidarar, mange av dei som hadde det aller tyngste arbeidet, var ikkje omfatta av arbeidarvernlova. Men det hjelpte ikkje, Stortinget sitt vedtak om åttetimarsdagen kom som ei endring av denne lova.
Stortinget sanksjonerte 14. august mellombels lov om forkorting av arbeidstida i bedrifter som går inn under lov om arbeiderbeskyttelse i industrielle virksomheter.11 Året etter vart lovendringa gjort permanent. Men mange stod framleis utanfor. Til dømes vart sjukepleiarane ikkje omfatta av arbeidarvernlova før i 1937.
Notar:
- Magne Thorsen; Boken om Thunearbeiderne: 70 år Oslo 1971.
- Social-Demokraten 4.mai 1918.
- Østlendingen 3.mai 1918.
- Ny Tid 7. mai 1918.
- Social-Demokraten 4. mai 1918.
- Socialdemokraten 3. mai 1918.
- Social-Demokraten 10. mai 1918.
- Meir om gjennomføringa av åttetimarsdagen i Odda i førre nummeret av Rødt.
- Ny Tid 6. mai 1918.
- Stortingsforhandlinger 1918 3a.
- Stortingsforhandlinger 1918 9.
På Petterøes:
På Petterøe
Fabrikkeigar Petterøe, eigaren av Petterøes Tobaksfabrik, var ein av dei Dagbladet intervjua i mai 1918. Petterøe hadde innført 8-timarsdag for tolv år sia, kombinert med akkordarbeid. Han erfarte at dei unge leverte som regel vel så mykje på åtte timar som tidlegare på ti. Også dei eldre oppdaga snart at dei kunne tena like godt på 8 timar som før på ti.
Da 8-timarsdagen vart innført, vart både daglønn og akkordlønn som før.
«Jeg har ialfald ikke hørt nogen bedrift som har hat økonomisk skade av at indføre normalarbeidsdagen. Naar denne reform bare gjennemføres ved venskabelig overenskomst mellem arbeidere og arbeidsgiver, saa tror jeg, at de vanskeligheter man stadig taler om kan overvindes,» sa fabrikkeigaren. Han såg at det kunne vera tilfelle der det vart gjort mindre på åtte timar enn på ti, slik som når ein mann stod og passa ein maskin som gjekk for full fart, den utførte sjølvsagt meir dess lenger den gjekk. «Men i et slikt tilfælde er vedkommende arbeiders beskjæftigelse saa enerverende og opslitende, at efter 8 timer bør han faa slippe løs og hvile ut,» sa Petterøe.
Petterøe-arbeidarane arbeidde åtte nettotimar, utan frukostpause. Dei hadde ein times middagspause, og åt middag på bedrifta.