18 november 2015
Foto: xploded (Isobel) / Flickr.com |
Mette Nord frå Fagforbundet fortel til VG i dag at dei har starta eit arbeid for å løfte inn sekstimarsdagen i hovudoppgjera dei neste åra. Fleire lokale avdelingar i Fagforbundet har allereie gjort vedtak om å løfte fram sekstimarsdagen etter årets Kvinner på tvers-konferanse og opprettinga av Tariffgruppa for sekstimersdagen. Det er fleire andre forbund i LO som også har hatt mål om sekstimarsdagen i fleire år, kven blir det neste forbundet som følger Fagforbundet for sekstimarsdagen?
Les 15 argument for sekstimarsdagen og andre nyttige tekster på sida til Tariffgruppa for sekstimersdagen.