Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen sin kommentar til forbundseliarane i Fagforbundet, Unio og YS, som vil ha eit «deltidsopprør». Kommentaren sto i Klassekampen 19. august 2019.
Fagforfundsleiarar i LO, Unio og YS som representerer meir enn 560.000 medlemmer i kvinnedominerte yrke i helse- og omsorgssektoren har ifølgje VG) samla seg til «deltidsopprør»: alle ledige stillingar skal lysast ut som heiltidsstillingar. Eit prisverdig initiativ som fortener kraftfull støtte frå heile fagrørsla.
Deltidshistoria i norsk helsevesen er lang og samansett. Ein gong måtte dei sjukepleiarane som ønskte deltid, gjerne på grunn av omsyn til oppgåver i heimen som ingen mann stod klar til å overta, kjempa hardt for å få lov til å arbeida deltid. I dag bruker arbeidsgivarane urimelege stillingsbrøkar for å utnytta dei tilsette maksimalt. Finst det eit mannsdominert yrke der arbeidsgivarane kunne tillata seg noko tilsvarande?
Meir overskott
Effektivitetskrav og stramme bemanningsnormer har fått lov til å utvikla seg slik at mange tilsette i dei tyngste pleie- og omsorgsyrka ikkje maktar full stilling, løysinga blir «frivillig» deltid. Utprøving av sekstimarsdag både i eldreomsorgen i Oslo på 1990-talet, heimetenesta i Bergen og kommunalt reinhald i Trondheim, dei to siste for om lag ti år sia, viste at med redusert normalarbeidsdag hadde dei tilsette meir overskott både i jobben og på fritida. Dei eldste arbeidstakarane kunne tenkja seg å stå i jobb til ordinær pensjonsalder – dersom dei fekk behalda sekstimarsdagen.
Deltidsopprør utan sekstimarsdag?
I 2012 bestemte bystyret i Trondheim at alle tilsette ved det nye Dragvoll Helse- og Velferdssenter skulle ha sekstimarsdag (30 timars veke), for å redusera bruken av deltid. Men så bestemte formannskapet å droppa sekstimarsdagen – av budsjettomsyn. Sjukeheimen opna utan sekstimarsdag, og deltidsprosenten vart som før. «Vi må ha kommuner som tør å satse og sette seg hårete mål», sa Eli Gunhild By, leiar i Sjukepleiarforbundet, til Klassekampen da sluttrapporten for «heiltidsprosjektet» i Trondheim vart presentert.
Mette Nord, leiar for Fagforbundet, støtta i 2015 sekstimarsdagen med mål om å få den gjennomført gjennom tariffoppgjera fram til 2020-2022, og fekk støtte frå fleire forbundsleiarar. Ein halvtimes forkorting av arbeidsdagen i tre tariffoppgjer er ei vidareføring av forslaget som tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla la fram i 2014.
Korleis bruke krafta?
Korleis vil dei tre fagforeiningsleiarane – Mette Nord, Fagforbunet, Eli Gunhild By, Norsk sykepleierforbund, og Lizzi Ruud Thorkildsen, Delta, no følgja opp kravet om sekstimarsdag i samband med «deltidsopprøret», slik at heiltid kan bli eit realistisk val for flest mogeleg? Til no har ingen av forbunda reist krav om forkorting av normalarbeidsdagen på offensivt vis i tariffoppgjera, og det er ikkje lenge til 2020-2022.
560.000 fagorganiserte representerer ei stor kraft i den norske fagrørsla. Svært mange av dei har kjent på kroppen at 7,5-timarsdagen er for lang. Korleis vil forbundsleiarane bruka denne krafta til å få ein arbeidsdag folk kan leva med, nemleg sekstimarsdagen?
Magnhild Folkvord,
Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen
Teksten er lagt ut 21.08.19
VG 13.08.19: (https://www.vg.no/nyheter/i/naBEAn/kvinne-opproer-mot-deltid