Da arbeidarane tok 8-timarsdagen

Først publisert i Klassekampen 30.04.2018

1918: Etter 30 års kamp for 8-timarsdagen var det mange som ikkje ville venta lenger.

Av Magnhild Folkvord

  1. mai 1918 vart ein svært spesiell arbeidsdag for svært mange arbeidarar i Noreg. På Thune Mekaniske verksted i Kristiania høyrdest ein gjennomtrengande lyd i verkstaden akkurat da åtte timars arbeid var unnagjort. Ein av arbeidarane hadde slått med ein hammar på eit slagblad. Det var signalet: I samla tropp forlet dei om lag 500 arbeidarane arbeidsplassen, dei tok åttetimarsdagen, og frå og med den dagen var åttetimarsdagen innført på denne arbeidsplassen.

Frå Glomfjord i Nordland fekk avisa Ny Tid, den gongen ei radikal arbeidaravis i Trondheim, denne rapporten: «Arbeiderne lystret ikke længer arbeidsgivernes ordrer men arbeidet bare 8 timer. Fabrikfløytens monotone lyd hørtes bare paa samme tid som før, men blev fuldstændig ignorert av arbeiderne. De bestemte selv naar arbeidet skulde begynde og hvorledes arbeidsdagen skulde inddeles.» (Ny Tid 10.5.1918.) Korrespondenten i Glomfjord la til at bedrifta ikkje hadde gjort noko vesentleg «for at motsætte sig arbeidernes vilje».

Ulike stader i landet – i Trondheim, Meråker, Hommelvik, Eydehavn, Tønsberg, Skien, Larvik, Elverum, Brevik, Notodden, Rjukan, Odda, Glomfjord og enda fleire stader følgde arbeidarane oppmodinga frå arbeidarråda sin landskonferanse i mars: «Er ikkje 8-timarsdagen innført innan 1. mai, tar vi den sjølve 2. mai!»

Arbeidarråd

Arbeidarane på Thune Mekaniske verksted hadde danna det første arbeidarrådet i landet tidleg på vinteren 1918, og agitasjon for åttetimarsdagen hadde gått føre seg i lang tid. Leiarane i Norsk Jern- og Metalarbeiderforbund hadde prøvd på fleire vis å få Thune-arbeidarane til ikkje å gå til aksjon 2. mai, men utan å lykkast.

Også arbeidarane på Notodden og Rjukan var tidleg ute med å danna arbeidarråd. I januar 1918 vedtok eit godt besøkt møte arrangert av Notodden faglige samorganisasjon å senda ei oppmoding til bedriftene på staden om å innføra «8 timers normal arbeidstid» – på grunn av den strenge matrasjoneringa.

Rekordstore 1.maitog

1.mai 1918 gjekk kvinner og menn over heile landet i rekordstore 1.mai-tog. Heilt sia den internasjonale faglege konferansen i Paris i 1889, der delegatar frå 21 land vedtok åtte timars normalarbeidsdag som eit felles krav og 1. mai som den felles internasjonale kampdagen, hadde folk gått i 1.mai-tog med paroler om åtte timars normalarbeidsdag.

Somme stader hadde arbeidarar etterkvart oppnådd mykje på sine område. Akers mekaniske verksted i Kristiania hadde innført 8-timarsdagen, og til og med notert «en besparelse paa 7000 kroner i løpet av 1 aar». (Bratsberg-Demokraten 19.4.1918.) Papirindustrien og elektrotekniske verksemder hadde 8-timarsdag. Nesten alle kommunale arbeidarar, mange statlege og somme andre arbeidargrupper hadde 8-timersdag. Formannskapet i Kristiania, hadde – mot Høgre sine stemmer – vedtatt 8-timarsdag for arbeidarar i kommunale verksemder i 1917. Men framleis var ikkje 8-timarsdagen på plass i lovverk og landsomfattande tariffavtalar for industriarbeidarane. Tolmodet heldt på å ta slutt.

Einige om målet

Arbeidarpartiet hadde 8-timarsdagen som ein viktig programpost til stortingsvalet hausten 1918, Arbeidernes faglige landssammenslutning (AFL, seinare LO) oppmoda til å senda resolusjonar frå 1.mai-markeringane til regjeringa, for å støtta opp om det kravet om ei mellombels lov om 8-timarsdag for alle industriarbeidarar, som alt hadde gått frå AFL-sekretariatet.

Det var inga usemje i den faglege og politiske arbeidarrørsla om målet – 8-timarsdagen var eit legitimt krav som burde vore oppfylt for lenge sia. Til dømes skreiv arbeidarpartiavisa Folkets Frihet i Kirkenes 30.april 1918: «Kravet om 8-timersdagen er det mest socialistiske reformkrav, som er reist av arbeiderbevægelsen. Kravets gjennemførelse betyr nemlig en virkelig effektiv indskrænkning av utbytningen, samtidig som normalarbeidsdagen vil bidra mægtig til at forskjønne arbeidernes tilværelse og høine klassens kulturelle nivaa. Hvilket igjen betyr, at trangen hos arbeiderne til fuld økonomisk frigjørelse blir styrket.»

Til og med statsministeren, Gunnar Knudsen, Venstre, hadde i eit avisintervju uttalt at han hadde stor sympati for om 8-timarsdagen, han hadde innført den «i sitt eget landbruk». Men han hadde det ikkje hatt det travelt med å lovfesta 8-timarsdagen for arbeidarane.

Kamp om metoden

Men om det var semje om målet, var usemja om korleis ein skulle nå fram for å få gjennomført 8-timarsdagen dess større. 1. mai heldt både Martin Tramæl, som representerte dei revolusjonære kreftene i Arbeidarpartiet, og Ole O. Lian, AFL-leiar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, tale i Kristiania. Tranmæl uttrykte stor sympati for dei som ville ta 8-timarsdagen neste dag. Lian oppmoda til å gå forhandlingsvegen.

Arbeidarrådsrørsla, som ikkje var styrt av noko fagforeiningsbyråkrati, var inspirert av revolusjonen i Sovjet året før, og mange arbeidarar hadde meir tru på å ta 8-timarsdagen sjølve enn på parlamentariske forhandlingar. «Lat den 2. mai vise os en arbeiderklasse der staar samlet som en mand. En klasse, som kjender solidaritetens bud og følger budet naar pligten kalder. … Lat 1. mai iaar bli den sidste stormarsj mot den gamle skanse,» skreiv Sigurd Simensen, formann i landssamanslutninga av arbeidarråda i ein appell som gjekk ut etter landskonferansen i mars. (Vestfinmark Socialdemokrat 22.4.1918.)

Dyrtid og matmangel

I tillegg til dei langsiktige frigjeringsperspektiva, vart den heilt spesielle situasjonen med dyrtid og matmangel som følgde etter nesten fire års krig i Europa, eit mykje brukt argument for å korta ned arbeidstida.

I april starta rasjoneringa av potet i fleire byar, kvar familie kunne få kjøpt eitt kg potet per familiemedlem kvar veke. (Bratsberg-Demokraten 13.4.1918.) I slutten av april kunngjorde Tinn provianteringsraad at det var forbode «at sælge, bortbytte eller paa anden maate avhende kaalrabi, uten mot kort eller anvisning fra Rationeringskontoret. (Bratsberg-Demokraten 27.4.1918.) Etterkvart vart det spørsmål om poenget med potetrasjoneringa når det ikkje var meir potet å rasjonera. Både mjølkerasjonar og brødrasjonar var så knappe at mange arbeidarfamilier var på sveltegrensa.

«Ulovlege og tariffstridige»

I løpet av april vart det halde mange møte der arbeidarane diskuterte korleis dei skulle forholda seg til oppmodinga om direkte aksjon 2. mai. Til dømes i Porsgrunn inviterte arbeidarrådet til møte 22. april med foredrag om arbeidarrådsrørsla og den planlagde aksjonen 2. mai. Det vart bestemt å halda eit massemøte for å «oppstikke linjerne for det fremtidige arbeide», og å skriva til alle bedriftsleiarane og forhøyra seg om deira syn på 8-timarsdagen. (Bratsberg-Demokraten 22.4.1918.)  I Brevik vart ordninga av den nye arbeidsdagen diskutert på eit massemøte. Arbeidsgivarane ville bli oppmoda til å innføra 8-timarsdagen, og kom det ikkje «imøtekommende svar», ville arbeidarane sjølve ta 8-timarsdagen frå og med 2. mai. Forslaget vart einstemmig vedtatt.

Arbeidsgivarforeininga sende i slutten av april ut si erklæring om at dei ville oppfatta alle aksjonar som både ulovlege og tariffstridige, dei meinte det var fagforbunda si plikt «at bruke alle midler» for å forhindra ein tariffstridig aksjon.

AFL-leiinga valde same haldning til direkte aksjonar – det var ulovlege aksjonar.

Dette hindra ikkje at arbeidarane ein del stader vart einige med arbeidsgivarane om 8-timarsdag både før og etter 1. mai. Til dømes kunne kunne Bratsberg-Demokraten 25. april melda at Skiens verksteder etter oppmoding frå arbeidarane hadde innført 8-timersdagen, «foreløpig nærmest som en prøve». Timelønna var på same tid auka med 10 prosent. Avisa Nidaros i Trondheim innførte 8-timarsdag i trykkeriet 30. april, og dei som ikkje alt hadde 8-timarsdag i Adresseavisen, fekk det også. Også ved Vikans boktrykkeri i Trondheim var 8-timarskravet gjennomført. I Harstad innførte alle trykkeria 8 timars arbeidsdag for sine tilsette.

Stengde portar  

I Tønsberg møtte arbeidarane ved Kalnes mekaniske verksted til arbeid ein time seinare enn vanleg. Da fekk dei ikkje komma inn. Derfor toga dei til Folkes Hus der dei vedtok å ta opp kampen.

På Rjukan hadde arbeidarane på to godt besøkte møte bestemt å innføra åttetimarsdagen. Det var berre eitt problem: Norsk Hydro nekta å forhandla. Arbeidarane var samde om at dersom ikkje bedrifta ville betala overtidsprosentar for arbeid utover åtte timar, ville all overtid bli nekta. «Over hele Rjukan er 8-timersdagen nu en kjensgjerning,» skreiv Social-Demokraten 7. mai.

Ved Trosvik mek. verksted og skibsbyggeri ved Brevik, ved Bamble apatitgruber og ved Ødegaardens verk var åttetimarsdagen innført. Ved «Sørlandets Elektriske», Skien, gjekk arbeidet som vanleg, men forhandlingar om innføring av åttetimarsdagen var i gang.

Ved Langesund mekaniske verksted kom arbeidarane klokka åtte om morgonen 2. mai og fann porten stengd. Bedriftsleiaren hadde på førehand sagt nei til forhandlingar om åttetimarsdag, noko han måtte gi etter for. Han oppmoda arbeidarane til å arbeida vanleg tid medan dei forhandla. Arbeidarane heldt møte og bestemte at dei heldt fast på kravet om åttetimars-dagen, men dei var villige til å forhandla om lønna. Bedriftsleiinga bestemte å innvilga åttetimarsdag med full lønn, så sant arbeidsgivarforeininga gjekk med på det. Saka skulle gå vidare til forhandlingar mellom Norsk Arbeidsmandsforbud og Norsk Arbeidsgiverforening.

Direkte aksjon

I Tyssedal og Skjæggedal kravde arbeidarane åttetimarsdag. I Tyssedal valde dei ein komite som skulle forhandla med leiinga, men komiteen fekk sparken. Da bestemte arbeidarane å gå til streik for å få bedrifta til å ta inn att dei som var sparka. I Skjæggedal søkte arbeidarane om å få åttetimarsdag, men fekk blankt avslag. Da kalte dei saman til massemøte, og bestemte å ta åttetimarsdagen 2. mai. Dei sende melding til fabrikkontoret, men da dei kom på jobb til den tida dei hadde bestemt, vart den elektriske straumen slått av, og arbeidarane måtte gå heim.

I Odda vart åttetimarsdagen innført ved direkte aksjon, alle dagarbeidarane ved cyanid- og karbidfabrikkane, om lag 600 mann, gjekk frå jobben da åtte timar var gått.

Lockout i Trondheim

I Trondheim stod arbeidarrådsrørsla sterkt, og mykje var gjort i god tid før 1. mai. Arbeidarrådet sende oppmodinga om å gjennomføra 8-timarsdagen seinast innan 1.mai til alle verksemder i byen, og foreslo at den nye arbeidsdagen kunne sjå slik ut: Arbeidstid kl 8-18 dei fem første dagane i veka, middagspause kl 12.00–13.30. Laurdag arbeidstid kl 7–13, med ein halv time frukost. Ingen av bedriftene svarte på dette. 30. april kom ein deputasjon av arbeidarar til møte med sjefane for dei største bedriftene, og gjorde det klart at åttetimarsdagen kom til å bli innført frå og med 2. mai, med den tidsinndelinga som arbeidarrådet hadde foreslått. Arbeidsgivarane svarte at dei ville ikkje respektera anna arbeidstid enn den som var «tarifmæssig fastslaat». Ved dei mekaniske verkstadene i byen var det i halvsjutida om morgonen 2. mai møtt fram ein større styrke av både uniformerte og sivile politifolk, «antagelig for å beskytte de som vilde bryte beslutningen om gjennemførelse av 8-timerskravet og begynde arbeidet etter den gamle arbeidstid» (Ny Tid 2.5.1918.)

Det vart ikkje mykje å gjera for politifolka, berre nokre få arbeidarar møtte fram, i hovudsak unge gutar som var bundne ved lærekontrakt, og nokre få gamle arbeidarar ved Trondhjems mek. verksted. Ved Ørens mek. verksted møtte ingen opp til den gamle arbeidstida. Men da arbeidarane kom klokka 8, slik dei sjølve hadde bestemt, møtte dei ein stengd port med ein plakat som sa «Porten er som vanlig stængt fra arbeidstidens begyndelse og aapnes først frokosttiden». Arbeidarane gjekk heim, og i frukosten var det også nokre av dei som hadde komme tidlegare som gjekk heim.

Dermed var det full stans, ikkje berre på Trondhjems mek. Verksted, men også på andre jernindustriverksemder som var tilslutta arbeidsgivarforeininga. Slik var det også på hermetikkfabrikkane og bryggeriet.

Streik mot lockout?

Om kvelden 3. mai møtte om lag 3000 arbeidarar på gardsplassen utanfor Folkets hus for å avgjera korleis aksjonen skulle gå vidare. Lockouten i jernindustrien kunne ikkje godtakast. Massemøtet vedtok mot 9 røyster å gi arbeidarrådet fullmakt til å «proklamere fuld arbeidsstans i samtlige private og offentlige bedrifter fra og med mandag 6. ds kl 6 fm.» og til å avgjera kor lenge arbeidsstans skulle vara.

Dermed var situasjonen, med utsikt til omfattande streik i både privat og offentleg sektor, så alvorleg at borgarmeisteren i Trondheim, Hans Jørgen Bauck, såg seg nøydd til å gripa inn. 4. mai vende han seg til arbeidarrådet med eit brev der han oppmoda til å prøva forhandlingar. Bauck formulerte seg i vennlege ordelag, han tok det ikkje for gitt at dette var mogeleg, men prøvde – «af samfundsmæssige hensyn», og han tilbaud sjølv å ta kontakt med både landsorganisasjonen og arbeidsgivarforeininga. På same tid oppmoda han arbeidarrådet til å hindra den arbeidsstansen som var varsla.

Arbeidarrådet kom fram til at dei ville godta framlegget om forhandlingar og utsetja den varsla streiken – på visse vilkår: dei organiserte arbeidarane i byen måtte vera representerte ved eventuelle forhandlingar, og dei arbeidsrettssakene som alt var varsla, måtte innstillast.

Dette framlegget vart presentert for eit massemøte av organiserte arbeidarar, om lag 3000 var til stades. Etter ein skarp debatt vart framlegget frå arbeidarrådet vedtatt – «mot en ganske sterk minoritet». (Ny Tid 6.5.1918.) Forhandlingsmøte vart halde 13. juni – utan resultat.

Lokale sigrar

Medan somme arbeidsgivarar prøvde å stengja ute arbeidarar som hadde aksjonert 2. mai, var det andre som gjekk med på å innføra 8-timarsdagen, slik som ved smelteverket i Sannesund ved Sarpsborg, der fekk dei 150 arbeidarane gjennomført 8-timarsdagen med eit tillegg på 10 prosent i timelønna, og dei som arbeidde i kontinuerlege skift fekk eit tillegg på 20 prosent. Dessutan fekk dei avtalt heil fridag 1. mai med full lønn, og 100 prosent tillegg for dei som måtte arbeida. Ved Dalen Portland cementfabrik vart det semje om 48 timars veke, mot tidlegare 56 timar.

Lovendringar

Langt frå alle dei arbeidarane som deltok i aksjonen 2. mai fekk noko resultat med ein gong, men omsider kom styremaktene i gang med å førebu lovendringar. I første omgang kom ei mellombels lov om 8-timarsdag i august 1918, året etter vart endringa gjort permanent. Men sia dette var endringar i fabrikktilsynslova, gjaldt det berre handerks- og industriverksemder med minst fem tilsette. Bygningsarbeidarar, tømrarar, murarar, losse- og lastearbeidarar, mange av dei som hadde det tyngste arbeidet, var ikkje omfatta av denne lova. Våren 1919 tok AFL opp kravet om åttetimarsdag ved forhandlingar om alle nye tariffar.

Det er ulike meiningar om kor viktige aksjonane i 1918 var for den vidare gjennomføringa av 8-timarsdagen. Historikaren Edvard Bull har sagt det slik: «Arbeiderrådsbevegelsen hadde vist at kravet var så brennende i arbeiderklassen at en måtte regne med fortsatte aksjoner hvis det ikke ble oppfylt. Arbeidsgiverne våget ikke lenger å stritte imot, og åttetimersdagen ble tariffestet. 1. juni 1919 ble den lovfestet. Dermed hadde den norske arbeiderbevegelsen vunnet en av sine aller største seire.» (Edvard Bull: Arbeiderklassen i norsk historie, s.262.)

Bilettekst:REKORD: I Glomfjord gjekk 450 kvinner og menn i 1.mai-toget i 1918.  Foto: Hans Nikolai M. Skaugvold/Nordlandsmuseet