Sekstimarsdagen etter LO-kongressen 2017: Den neste store velferdsreforma

9 juni 2017

Bilde av ny leder i LO, Hans-Cristian Gabrielsen. Foto: Sandra Skillingsås

Gratulerer, alle gode krefter som før og under LO-kongressen har gjort ein langvarig og tolmodig innsats – med diskusjonar, store og små møte og konferansar – for å få sekstimarsdagen lengst mogleg opp på fagrørsla sin dagsorden!

For vel 30 år sia foreslo eit utval nedsett av Arbeiderpartiet sitt kvinnesekretariat «Arbeide for gradvis innføring av 6-timers dagen i løpet av 1980 – 1990 åra» som eitt av fleire tiltak for å sikra kvinner betre pensjonsvilkår.

I år opnar LO-kongressen sitt vedtak for vidare arbeid for at sekstimarsdagen skal bli realitet i overskueleg framtid, med ei målsetting om at arbeidstidsforkortingar skal kunna gi eit meir inkluderande og likestilt arbeidsliv med fleire heile stillingar.

Ein plan

Det skal utarbeidast ein plan for arbeidstidsforkorting, basert på erfaringar som er gjort med forsøk både nasjonalt og internasjonalt. Vedtaket inneheld ingen tidsplan, men det skulle ikkje vera noko i vegen for å starta planarbeidet raskt. Skal ein følgja opp den tidsplanen som fleire, mellom andre Fagforbundet sin leiar Mette Nord, har skissert tidlegare, bør den første halvtimen takast alt i tariffoppgjeret i 2018 – det er ikkje lenge til. Vi går ut frå at LO-leiinga/LO-sekretariatet har dei fullmakter som trengst for å komma raskt i gang, og at klubbar og fagforeiningar vil følgja opp med å krevja ein halvtimes forkorting av arbeidsdagen når tariffkrava skal vedtakast utover hausten.

Positive forsøk

Planen skal byggja på erfaringar som er gjort med norske og internasjonale forsøk. Alle dei forsøka som er kjende – både norske og svenske – er eintydig positive. Overalt har både arbeidstakarar og arbeidsgivarar vore svært godt nøgde. Forsøk er gjort med både dagarbeid og skiftarbeid. Arbeidsplassar med døgnkontinuerleg skift- og turnusarbeid er dårlegast dekt av forsøk, der kan det vera viktig å komma raskt i gang med å vurdera kva som trengst av særleg tilpassing for å få best mogeleg nytte av ein forkorta normalarbeidsdag.

Normalarbeidsdag

Vedtaket understrekar at den fleksbiliteten som lov og teknologi kan gi rom for, ikkje må føra til auka press og uklart skilje mellom arbeidstid og fritid. I forlenginga av dette ser vi det som naturleg å understreka at arbeidstidsforkortinga må ha ein seks timars normalarbeidsdag som mål. For det store fleirtalet som arbeider dagtid må seks timar fem dagar i veka bli det normale, medan ein – slik som no – avtalar særordningar der arbeidet krev det.

Auka fritid

Vedtaket slår fast at kor raskt og omfattande reduksjonar kan skje, heng saman med kor mykje av den økonomiske veksten som skal takast ut i investeringar, kjøpekraftforbetringar eller andre velferdsgode. Ein stor del av dei fagorganiserte har alt så god kjøpekraft at det vil vera bra for både kloden og klimaet om ein del av veksten blir veksla inn i auka fritid istadenfor i meir pengar til å auka det materielle forbruket. Det kan gjerast på same tid som dei lågast lønte får auka si kjøpekraft.

Når det gjeld «andre velferdsgoder», minner vi om at Jan Davidsen, tidlegare leiar for Fagforbundet, alt i 2008 uttalte at sekstimarsdagen må bli den neste store velferdsreforma.

I 2018 vil det vera tid for å feira åttetimarsdagen sitt 100-årsjubileum. Kva kan vera ein betre start på jubileumsfeiringa enn å ta den første av dei tre halvtimane på veg mot sekstimarsdagen?

Aksjonskomiteen for sekstimersdagen

Svært positivt om sekstimersdagen fra Erna Hagensen, leder i Norsk Arbeidsmandsforbund!

5 mai 2017

Erna Hagensen. Foto: Jarle Vines

LO-kongressen 2017 starter 8. mai. En av de viktige sakene blir sekstimersdagen, som Erna Hagensen hadde et innlegg om i Klassekampen 5. mai. Det var et svar på et spørsmål fra Magnhild Folkvord i Aksjonskomiteen for sekstimersdagen 4. mai, som igjen hadde utgangspunkt i et intervju med Mette Nord i VG 1. mai.

For alle som synes sekstimersdagen er en god idé, er innleggene svært positiv lesing. Vi har lagt dem ut her. Først Erna Hagensen, deretter Magnhild Folkvord og til slutt Mette Nord.

Erna Hagensen, leder av Norsk Arbeidsmandsforbund: Svar til Folkvord

Magnhild Folkvord ber i gårsdagens avis om en presisering av mine kommentarer til Fagforbundets utspill om sekstimersdag. For å presisere: jeg er i utgangspunktet positiv til å vurdere å innføre sekstimersdag, innenfor de bransjer der dette er ønskelig. Samtidig vil jeg understreke at dette er et spørsmål som må løftes inn i hovedoppgjørene, slik Fagforbundet har antydet.

Norsk Arbeidsmandsforbund har hatt dette som et krav innenfor renholdsbransjen ved flere tidligere tariffoppgjør. Vi har gjennomført sekstimersdag på enkelte bedrifter, blant annet innenfor bergindustrien, med positive resultater. Dette mener vi kan være et godt tiltak for å få ned sykefravær, stor turnover og tidlig uførhet.

I utgangspunktet mener jeg sekstimersdag vil være bra spesielt for helse, miljø og sikkerhet i de tunge yrkene. Resultater fra forsøk i Norge og Sverige har også vist økt produktivitet, mer tid til familie og bedre trivsel blant ansatte. Dette er resultater som jeg mener det er viktig å se nærmere på i årene som kommer.

Hver enkelt bransje hos oss må vurderes for seg. Innenfor anleggssektoren er det forhold som man må se nærmere på. Mange i anleggssektoren har i dag også innarbeidet flere dager med fri, som også har gitt redusert arbeidstid totalt sett. Videre går det også an å se på innarbeidings- og rotasjonsordninger med sekstimers normalarbeidsdag som basis. Noe som også vil kunne bidra til økt produksjon for eksempel i tunnelarbeid. Jeg mener derfor at selv om de bor borte på anlegg, behøver ikke det være noe hinder for å få sekstimers normalarbeidsdag.

Vi har i dag ikke god nok oversikt over hvordan akkordbestemmelsene vil gjøre utslag ved innføring av slike ordninger, og selv med full lønnskompensasjon kan det være elementer i tariffavtalene i flere bransjer som kan få konsekvenser vi ikke har god nok oversikt over i dag.

erna.hagensen@arb-mand.no, Klassekampen 5. mai 2017

Magnhild Folkvord. Foto: Gudmund Dalsbø

Her er spørsmålet fra Magnhild Folkvord, Aksjonskomiteen for sekstimersdagen, 4. mai 2017:

VGnett hadde 1. mai ein artikkel om sekstimarsdagen og LO-kongressen, med hovudvekt på Fagforbundet sitt ønske om forpliktande vedtak om gjennomføring av sekstimarsdagen i kommande tariffoppgjer. Fleire forbundsleiarar kom til orde. Særleg interessant er det at Erna Hagensen, forbundsleiar i Arbeidsmandsforbundet, også uttalte seg positivt om sekstimarsdagen. Ho nemnde spesielt at sekstimarsdagen vil vera veldidg bra for dei som arbeider innan reinhald.

Det er heilt i samsvar dei erfaringane som vart gjort ved forsøk med sekstimarsdag for kommunalt tilsette reinhaldarar i Trondheim i 2007-2008. Men kanskje er Hagensen feilsitert eller misforstått når det står at ho trur sekstimarsdagen ikkje vil fungera så godt innan anleggssektoren, der mange bur på brakke. Underforstått: lengre helg kan vera meir interessant enn kortare dag.

Det treng ikkje vera eit argument mot arbeidstidsforkorting. Også i dag er det grupper av langpendlarar, både i Nordsjøen og på fastlandet, som har unntak frå hovudregelen om 7,5 timars dagleg arbeidstid. Det same må gjelda med sekstimarsdag. Det vil vera underleg om ikkje også anleggsarbeidarane vil vera interesserte i å redusera arbeidsveka frå 37,5 timar til 30 timar.

Det ville vera fint for den vidare diskusjonen om Erna Hagensen kunne avklara om kva som kan vera feilsitat og/eller misforståing i dette. Dersom Fagforbundet, NTL og Fellesorganisasjonen, til no dei tydelegaste forkjemparane for sekstimarsdagen i LO, kan venta støtte frå Arbeidsmandsforbundet, vil svært nær – om ikkje over – halvparten av LO-medlemmene stå bak kravet om ei stegvis innføring av sekstimarsdagen i løpet av tre tariffoppgjer. Magnhild Folkvord, Aksjonskomiteen for sekstimersdagen
Magnhild Folkvord, Aksjonskomiteen for sekstimersdagen

Mette Nord. Foto: Trond Isaksen

Mette Nord, leder i Fagforbundet: «Ber LO-kongressen ta steg mot sekstimersdagen»

Her er utgangspunktet for de to innleggene over, Mette Nord, leder i Fagforbundet, i VG 1. mai 2017.05.05 http://www.vg.no/nyheter/innenriks/arbeidsliv/ber-lo-kongressen-ta-steg-mot-sekstimersdagen/a/23985529/

Eit columbi egg for meir likestilling

Fra en 8. mars    Foto GAD

Tidsklemme, ulikelønn, deltid – kven vågar å ta i bruk den løysinga som alt er oppfunnen for å skapa meir likestilling i arbeidslivet her til lands?

Av Magnhild Folkvord 8. mars 2017

«8 timar arbeid + 8 timar fritid + 8 timar kvile.» Det var «reklamen» da arbeidarane for 100 år sia kjempa fram åttetimarsdagen. I dag er det få, og særleg få kvinner, som opplever at 7,5 timars arbeidsdag gir 8 timar fritid. Kva blir att av dei 24 timane i døgnet når arbeidsdagen + arbeidsreisa kan krevja minst ti timar, levering av ungar til barnehage eller AKS/SFO tar si tid, og det er grenser for kor mykje nattesvevnen kan reduserast? Også fleire og fleire menn har erfart at 24 timar i døgnet blir i minste laget, iallfall dei som gjerne vil vera nærverande fedrar.

Kva kan ein gjera noko med? Meir enn 24 timar i døgnet? Ikkje mogeleg. Mindre reisetid? Dei fleste bur der dei bur, flytting kan vera uaktuelt av mange grunnar. Og jobben er gjerne der den er. Å ta delar av den med heim på pc’en er mogeleg for somme, men langt frå for alle. Og det gir vel sjeldan meir fritid  …

Tida med ungane vil svært mange heller utvida enn korta ned, heller meir tid til samvær enn det ein får utav transportetappane mellom heimen og barnehagen, skolen, AKS/SFO, fotballtreninga, korpset og turninga.Og har ikkje vaksne også ein sjølvstendig rett til fritid, anten dei har ungar eller ikkje?

Moralisme om «heiltidskultur»

Kva blir så den «regulerbare» faktoren i tidsrekneskapen? Arbeidstida. Mange kvinner har med eller mot sin vilje redusert lønnsarbeidet for å få rekneskapen til å gå opp – med uføreseielege arbeidsdagar, dellønn og delpensjon som resultat. I seinare tid har dei også blitt møtt med ein moralsk peikefinger og ei streng oppmoding om at no må det bli «heiltidskultur»! Dessverre også framført av den da nyvalde LO-leiaren Gerd Kristiansen for snart fire år sia. Det er ikkje eit spørsmål om «kultur» når kvinner tråklar saman arbeidsdagane med deltidsstillingar og ekstravakter for å få puslespelet til å gå opp.

Sjølvsagt er det mang ein arbeidsgivar som kan trenga ei påminning om retten til heiltid når dei i årevis har spart budsjettkroner på å lysa ut dei underlegaste prosentstillingar (7 prosent, 13 prosent, 18 prosent osv.) for å «få turnusen til å gå opp» i helse- og omsorgsyrka. I kvinnerike yrke har dei utspekulerte brøkstillingane spreidd seg slik at det har vore så godt som uråd for nyutdanna sjukepleiarar å få faste heile stillingar. Men å gi dei deltidsarbeidande kvinnene eit lass dårleg samvit fordi dei arbeider deltid, er bomskott.

Sekstimarsdagen ein del av løysinga

Det var derfor eit svært aktuelt paroleframlegg til 8. marstoget som kom frå LO i Oslo i år: «Vi krever faste hele stillinger, likelønn og 6 timers dag!» Våre kjempande formødrer ville kanskje ha rotert i sine graver om dei hadde visst at korkje faste heile stillingar eller likelønn er sjølvsagt for kvinner i Noreg i 2017, og somme av dei kunne ha mint oss på at det er 100 år sia 8 timarsdagen vart innført – og nesten like lenge sia gruvearbeidarane i Sulitjelma formulerte kravet om 6 timars arbeidsdag.

Før det nemnde paroleframlegget vart vedtatt med stort fleirtal foreslo eit medlem i ei av dei kvinnerike fagforeiningane å fjerna ‘6 timers dag’ frå den opprinnelege formuleringa. Overraskande for dei fleste som var til stades.

Meiningslaust «heiltidsforsøk»

I Trondheim opna ein nybygd sjukeheim, Dragvoll Helse- og Velferdssenter, i 2013. Bystyret hadde bede rådmannen gjennomføra forsøk «med heltid som hovedregel og 30 timers uke med full lønnskompensasjon». Men innan forsøket kom i gang var det nokon som fann ut at det vart «for dyrt», og arbeidstida i forsøksprosjektet vart endra frå 30 til 35 timar. Resultatet etter forsøksperioden vart ikkje det somme hadde håpa på. Det vart ikkje fleire som valde heiltid. Overraskande? Ikkje for dei kvinnene som har kjent på kroppen at 7,5-timarsdagen er for lang.

Skal «heiltidskulturen» bli meir enn tomme ord og gode ønske, må normalarbeidsdagen forkortast, og svært mange ser på seks timar som høveleg lengd. Særleg dei som har fått høve til å vera med på forsøk med sekstimarsdag, eller varige ordningar, som det finst nokre relativt få av. For snart ti år sia var det eit sekstimarsforsøk for reinhaldarar i Trondheim. For dei som nærma seg AFP-alder vekte det håp om at dei kunne orka å stå i jobb til vanleg pensjonsalder. Men når forsøket vart avslutta, var det meir aktuelt å gå av med AFP enn å gå tilbake til 7,5 timars dag. Tine sitt ostelager på Heimdal er ei bedrift som no har hatt sekstimarsdag for alle tilsette i om lag ti år, til stor glede for alle involverte.

Samanhengen mellom likelønn og sekstimarsdag er sterkare enn mange er klar over. Før normalarbeidsdagen vart forkorta med ein halvtime som ein del av tariffoppgjeret i 1986, vart det laga grundige utgreiingar om ulike måtar å forkorta arbeidstida på. Ein SSB-forskar forklarte i den samanhengen at forkorting av normalarbeidsdagen til seks timar ville vera eit svært effektivt tiltak for å oppnå likelønn, fordi det ville føra til at mange kvinner ville gå frå deltid til heiltid.

SSB sine tal for 2016 viser at om lag 75 prosent av yrkesaktive menn og nesten 63 prosent av kvinnene arbeider heiltid. Gjennomsnittleg arbeidstid per veke for alle yrkesaktive kvinner er 31,8 timar, altså litt meir enn seks timar per dag.

Den neste store velferdsreforma

I 2008 sa daverande leiar for Fagforbundet, Jan Davidsen, at sekstimarsdagen burde bli den neste store velferdsreforma. Etterfølgjaren hans, Mette Nord, uttalte i 2015 at «Målet er å få til sekstimarsdag i løpet av 2020-2022».

Gerd-Liv Valla var den første LO-leiaren som snakka om sekstimarsdagen som eit realistisk mål. Ho har ved mange høve forklart at sekstimarsdagen kan bli realitet om ein følgjer opp det som starta i 1986, og tar ut ein del av tariffoppgjeret som ein halv time kortare arbeidsdag i tre oppgjer til, så kan ein vera i mål med sekstimarsdagen innan 2022.

LO-kongressen denne våren kan få mykje å seia for kor raskt sekstimarsdagen kan bli ein realitet. Meir snakk om «heiltidskultur» med ein arbeidsdag som er for lang er nyttelause steg baklengs inn i framtida.

Seks timar, meir heiltid

15 februar 2017

Dragvoll helse- og velferdssenter i Trondheim

På det svært godt besøkte parolemøtet for 8. mars i Oslo nyleg vart dette ein av hovudparolane: «Vi krever faste hele stillinger, likelønn og 6 timers dag», etter framlegg frå LO i Oslo.

Overraskande for somme av oss kom eit framlegg om å ta vekk «6 timers dag». Hadde det vore betre tid, ville eit naturleg spørsmål vore: «Korleis kan vi få realisert mål om faste heile stillingar og likelønn utan 6 timars dag?»

Eit forsøk ved Dragvoll Helse- og velferdssenter i Trondheim skulle frå 2013 sikra alle tilsette heiltidsjobb. Bystyret hadde på førehand vedteke at den nye sjukeheimen skulle ha «heltid som hovedregel og 30 timers uke med full lønnskomepensasjon». Men før forsøket starta vedtok formannskapet å endra arbeidstida frå 30 til 35,5 timar per veke – av økonomiske grunnar. Etter at forsøksperioden var over, viste det seg at det ikkje vart meir heilltid.  Dermed er det vanskeleg å dokumentera kor mykje meir heiltid det ville blitt med sekstimarsdag. Men sia mange av dei som arbeider deltid har arbeidstid omtrent tilsvarande sekstimarsdag, kan ein nokså trygt rekna med at 30 timers veke ville gitt eit anna resultat.

I samband med arbeidstidsreduksjonen i 1986 forklarte ein SSB-forskar at 6 timars normalarbeidsdag ville vera det mest effektive tiltaket for utjamning av lønnsgapet mellom kvinner og menn, ut frå at ein vesentleg del av lønnsskilnaden var knytt til mykje deltidsarbeid blant kvinnene.

Det vil vera naivt å tru at 6 timars normalarbeidsdag automatisk vil blåsa vekk alle deltidsstillingar og tetta lønnsgapet, men å tru at «hele faste stillinger og likelønn» let seg gjera utan 6 timars dag, er meir enn naivt.

Magnhild Folkvord, Oslo

mafolkvo@online.no

(Innlegg i Klassekampen 15.02.17)

Aksjonskomiteen for seksimersdagen kan opplyse om at kravet om sekstimersdagen ble en av hovedeparolene til 8. marstoget i Oslo.

Vi tar sekstimersdagen 8. mars!

3 februar 2017

Punktdemonstrasjon klokka 15-16 ved arbeiderstatuen, Youngstorget, Oslo

Neste år er det 100 år siden arbeiderne flere steder tok åttetimersdag, og året etter ble den lovfestet.  Sulitjelmaarbeiderne rettet da 8 timer til 6 timer på fanen sin.

I 1970- og 80-åra reiste kvinnebevegelsen kravet om sekstimersdagen og laget en kopi av den gamle 6-timers-fanen fra Sulitjelma.  LO-kongressen vedtok sekstimersdagen i 1985 og startet jobben med kutt på ½ time ved tariffoppgjøret i 1986.  Nå er det på tide å gjøre jobben ferdig i de kommende tariffoppgjørene.

Vi krever at fagbevegelsen prioriterer:

½ time kortere arbeidstid ved tariffoppgjørene i 2018, 2020 og 2022.

Seks timers normalarbeidsdag i 2022!

Bedre for deg

og for kloden

– og poden

Arrangør: Aksjonskomiteen for sekstimersdagen.

www.sekstimersdagen.no