Dette innlegget holdt Magnhild Folkvord fra Aksjonskomiteen for sekstimersdagen på Trondheimskonferansen i januar 2018. http://loitrondheim.no/category/trondheimskonferansen/2018/
I Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen er vi mest opptatt av å sjå framover. Men innimellom må vi sjå oss litt tilbake. I år er det grunn til å sjå på historia, vi har eit jubileum å feira – 100-årsjubileet for åttetimarsdagen.
Det avgjerande som skjedde i 1918 var at arbeidarråda, som formelt ikkje var ein del av fagrørsla, men fanst mange stader i landet, erklærte at dersom ikkje åttetimarsdagen var på plass før 1.mai, måtte arbeidarane sjølve ta den 2. mai. Mange stader følgde arbeidarane denne oppmodinga, til dømes i Trondheim, i Glomfjord, i Høyanger, i Odda, ved fleire store verksemder i Vestfold, Telemark og Aust-Agder.
Den direkte aksjonen for åttetimarsdagen vart omfattande nok til at det hadde verknad. Våren 1919 tok Landsorganisasjonen opp kravet om åttetimarsdag ved forhandlingar om alle nye tariffar.
Det finst ulike meiningar om kor viktige aksjonane var, vi støttar oss på historikaren Edvard Bull som ordlegg seg slik:
«Arbeiderrådsbevegelsen hadde vist at kravet var så brennende i arbeiderklassen at en måtte regne med fortsatte aksjoner hvis det ikke ble oppfylt. Arbeidsgiverne våget ikke lenger å stritte imot, og åttetimersdagen ble tariffestet. 1. juni 1919 ble den lovfestet. Dermed hadde den norske arbeiderbevegelsen vunnet en av sine aller største seire.» (Edvard Bull: Arbeiderklassen i norsk historie, s.262.)
No kan vi seia at 100 år er nok, sekstimarsdagen må bli den neste store velferdsreforma, slik daverande leiar i Fagforbundet, Jan Davidsen, sa for ti år sia, og slik noverande leiar i Fagforbundet, Mette Nord har gjentatt ved fleire høve.
Utfordringa vår til dykk som er samla her, er derfor å finna ut korleis 100-årsjubileumet kan feirast ulike stader rundt i landet. Der det finst minne om lokale aksjonar, vil det sjølvsagt vera ekstra gode grunnar til å leggja vekt på akkurat det som skjedde lokalt. Kanskje kan fagforeininga samarbeida med historielag el museum for å leita fram historiske minne som kan brukast til utstilling el andre former for arrangement?
Alle stader kan ein minnast det som skjedde fordi det fekk konsekvensar for heile fagrørsla. Men det høyrer også med at ikkje alle var omfatta av lov og tariffavtalar som sikra åttetimarsdagen. Til dømes var kontor og varehandel – for ein stor del kvinner – ikkje med, heller ikkje da lova vart revidert i 1935. Og sjukepleiarane fekk ikkje åttetimarsdag før i 1937.
Men sjølv med desse unntaka: Åttetimarsdagen frå 1918 er verd å feira, og det gir grunnlag for å sjå framover. Sekstimarsdagen er ein vakker draum som må resaliserast, og det kan skje ved at ein tar tre halvtimar i tre tariffoppgjer.
Jubileumsfeiringa kan ta mange former – utstillingar, møte, konferansar osv. Og kva med å ta sekstimarsdagen 2. mai 2018? I Fagrørsla i dag er det meir vanleg med politisk streik for viktige saker enn med direkte aksjon.
Kven går i spissen?
Magnhild Folkvord